Fritt fram med digitalt førsteval

Av Dagny Fredheim, Skattedirektoratet

– Me er jo vitne til eit lite kvantesprang. Før måtte du sei ifrå om at du ønska å kommunisere med forvaltninga på nett. No må du istaden reservere deg dersom du framleis ønskar papir. Dette er eit viktig tiltak som offentleg sektor treng for å få folk over på digitale løysingar.

Det seier Tone Bringedal, leiar av avdeling for digital forvaltning i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Tone

– Den eldste brukaren av ID-porten er over 100 år! fortel Tone Bringedal, leiar av avdeling for digital forvaltning i Direktoratet for forvaltning og IKT.

Difi skal vere ein pådrivar for digitaliseringen av offentleg sektor. Dei er i ferd med å etablere eit kontaktregister med e-post og mobilnummer til alle innbyggarar i landet. Samtidig lagar dei eit reservasjonsregister. Har du ikkje reservert deg, er det fritt fram for digital kommunikasjon.

– Kommunikasjon på nett som hovudregel vil gi fleire nye og gode sjølvbeteningsløysingar. I praksis betyr dette enklare og raskare dialog med forvaltninga gjennom fleire tenester av typen elektronisk skattekort og sjølvmelding på nett, sier Bringedal.

– Digitalt moden nasjon
– De kartlegg statusen for det digitale Noreg. Korleis står det til?
– Noreg er ein digitalt moden nasjon. Det er mange som har pc, nettbrett og mobil, og dei vil ha digitale tenester. Samtidig har fleire enn vi trudde tidlegare låg eller avgrensa digital kompetanse. Å ha tilgang til verktøy betyr ikkje at desse automatisk blir brukt. Også ferdigheit, interesse og opplevd behov spelar inn. Når vi har fått meir innsikt i dei «ikkje digitale brukarane», er det viktig at offentleg sektor tenker nytt om korleis desse skal betenast, meiner Bringedal

– Kva veit de så langt om dei «ikkje digitale brukarane»?
– Vi veit at gruppa er samansatt. Den består av godt vaksne, av innbyggarar som er svake i norsk og innbyggarar som står utanfor arbeidslivet. Det finst personar med ulik grad av digital kompetanse innan alle alderssegment, fortel Bringedal, som insisterer på at gruppa ikkje må omtalast for bastant.

– Den eldste brukaren av ID-porten er over 100 år!

Sjølv om Noreg er ein digitalt moden nasjon, så er ikkje alle offentlege verksemder kome like langt i å tilby nyttige og brukarvenlege digitale tenester.

– Det varierer faktisk eindel, men Skatteetaten har grunn til å vere stolte. De er jo på mange område ein pådrivar, som andre hentar inspirasjon frå. Personleg er eg glad for at eg kan levere sjølvmeldinga mi digitalt. Gitt mi rolle i Difi, er eg spesielt glad for at Skatteetaten er i gang med å modernisere Folkeregisteret. Det er særs viktig for heile offentleg sektor at denne felleskomponenten er oppdatert og fungerer bra, seier Bringedal.

Trygt og enkelt
Bringdal er opptatt av at alle må med, og at universell utforming er sentralt. Det betyr å lage tenestene på ein slik måte at alle kan bruke dei. Det vil gjere det trygt og enkelt for alle brukarar.

– Mitt drøymescenarie er elles at folk flest får høyre den same historia om digitalt førsteval uansett kven dei er i kontakt med i offentleg sektor. Det vil også bidra til tryggheit og enkeltheit i denne nasjonale dugnaden. Samtidig er ikkje kommunikasjonen om dette enkel. Målet er flest mogleg digitale brukarar, samtidig som innbyggarane har rett til å reservere seg. Dessutan er ikkje brukarane ei einsarta gruppe. Det er ei krevjande oppgåve å kommunisere godt i dette mangfaldet.

Sjef i eige liv
– Når meiner du vi har lukkast med digitaliseringa? Når har offentleg sektor nådd målet?
– Vi har lukkast når dei tenestene vi treng er brukarvenlege og blir brukt av mange, slik at dei også blir effektive for forvaltninga. Eg har trua på «hjelp til sjølvhjelp». Veldig mange likar å ha kontrollen og å  gjere ting sjølv. Berre sjå på nordmenn si bruk av nettbank. Offentleg sektor har forøvrig noko å lære av både bankar og flyselskap, som er veldig gode på service under endringar. Det var ein periode du nesten blei båren på gullstol på Gardermoen dersom du valde å prøve ut sjølvbeteningsautomatane for innsjekking,

Digitalisering er organisasjonsutvikling
– Du jobba med å innføre e-resept i helsevesenet på 2000-tallet, og i dag kan vi hente ut medisin på apoteket utan papirresept. Kva lærte du av den jobben og kva har endra seg sidan da?
– Den jobben lærte meg kor viktig det er å bygge alliansar. Vi samarbeida tett både med pasientorganisasjonane, legane og apotek slik at løysinga skulle bli nyttig for alle. Eg trur det er ein annan modenheit for digitalisering no enn før. I dag veit vi også at digitalisering krev ny kompetanse hjå leiarane. Dei må både sjå moglegheitene i elektroniske tenester og samtidig kunne vurdere risiko. Digitalisering utfordrar også ofte etablert praksis i ein organisasjon, og etablerte mønstre hjå brukarane.

– Nokre ganger tenker eg at vi er veldig utålmodige. Det skal jo offentleg sektor vere, men vi må hugse på at internett var noko nytt og litt sært for mindre enn 20 år sidan. I dag dukkar det stadig opp nye duppedittar, og vi kjøper det siste og det beste av ny teknologi. Det tek tid å endre prosessar i forvaltninga og det tek tid å endre folk. Det er heller ikkje alle som ønsker eller som kan delta på den digitale arenaen. Det er det verdt å reflektere over, seier Bringedal.

Fakta

  • Tal frå april viser at Skatteetaten har 1,1 millionar e-brukarar. No tar vi i bruk kontaktregistret.
  • E-brukarar får kun elektronisk post frå etaten, og får til dømes ikkje sjølvmeldinga på papir
  • Neste år blir fleirtalet e-brukarar grunna digitalt førsteval. Dei som framleis vil kommunisere på papir med Skatteetaten, må aktivt reservere seg.
  • Les meir om digitalt førsteval på www.norge.no