Heile etaten i arbeid med å informere om skattemeldinga

Skatteetaten er tilstades over heile landet, i utkantkommunar og sentrale strøk. Fleire hundre tilsette har sidan skattemeldinga vart tilgjengeleg 4. april jobba intenst med å få flest mogleg til å levere ei korrekt skattemelding.

Over heile landet får også dei som sit i fengsel hjelp frå erfarne rettleiarar. Dei siste ti åra har Per Brunborg og Steinar Olsen frå skattekontoret i Bergen rettleia innsette i skattemeldingsperioden, i tillegg til ein gong kvar månad heile året gjennom. Dei er også på besøk i Bjørgvin fengsel og Bergen fengsel avdeling Osterøy.
– Sjølv om kva dei innsette er i fengsel for ikkje er tema for samtalane, er det mange som opnar seg når dei møter eit vennleg ansikt, sier dei to rettleiarane.
I Bergen fengsel er det ni personar som har skrive seg på lista for å få hjelp. Per og Steinar har med seg papirutgåver av skattemeldinga til dei som har meldt seg på.
– Her ser du at du har skatt til gode, seier Per og viser ein innsett.

I Trondheim fengsel er Bjørn Naustan og Trond Tidslevold på plass for å hjelpe rundt 20 innsette.

– Dette er nyttig for dei innsette og ei meiningsfull oppgåve for oss, seier Bjørn Naustan.
Og i Verdal fengsel var NRK med.

Også i Skatt sør og Skatt aust er rettleiing i fengsel eitt av fleire tiltak i perioden.

 

Vil nå utanlandske på nett
Informasjon til utanlandske arbeidstakarar har lenge vore eit satsingsområde i Skatteetaten, også i skattemeldingsperioden. No er informasjonsvideoar om skatt og skattemeldinga tilgjengeleg på fem ulike språk.

Videoane på russisk, engelsk, polsk, litauisk og rumensk er tilgjengelege for publikum på Taxnorway. Alt frå faglig innhald til sluttresultatet er laga av tilsette i etaten, og avdeling for kommunikasjonstenester i SITS har produsert videoane.

Tidlegare har det blitt gjennomført informasjonsmøter på video frå Skatt vest til alle regionar, samt fysiske møter i fleire regionar. Desse videomøtene blei svært populære. I fjor vart dei overført til 17 skattekontor over heile landet, og nådde over tusen utanlandske personar. Til no har over 8000 personer sett på videoane.

Lars Settemdal på NTNU: For åttande året på rad arrangerer Skatt Midt-Norge foredrag og individuell rettleiing på NTNU i Trondheim. Lars Settemsdal frå Skatt utland Stjørdal held her foredrag på engelsk til ei lydhør forsamling med utanlandske arbeidstakarar.

Lars Settemdal på NTNU: For åttande året på rad arrangerer Skatt Midt-Norge foredrag og individuell rettleiing på NTNU i Trondheim. Lars Settemsdal frå Skatt utland Stjørdal held her foredrag på engelsk til ei lydhør forsamling med utanlandske arbeidstakarar.

 

Også mange fysiske møte
Sjølv om informasjonsvideoane erstattar mange av dei fysiske møtene for utanlandske skattytarar, er det framleis fleire andre tiltak retta mot denne gruppa.
– I Skatt øst har vi fortsatt informasjonsmøte for innvandrarar og flyktningar. Vi besøker også vaksenopplæringa i fleire kommunar og møter svenskar i Margaretakirken, fortel Marianne Løsset frå retteliing i Skatt øst.

I Skatt vest er rettleiarar på besøk både på Universitet i Bergen og Norges handelshøyskole for å informere og hjelpe utanlandske forelesarar og studentar. I Skatt nord er også fokuset på utanlandske arbeidstakarar stort.

– Vi ser at denne gruppa tydeleg har behov for oss. Difor rettar mange av våre tiltak seg mot denne gruppa for å sikre at dei leverer ei fullstendig og korrekt skattemelding, seier Esben Helmersen, leiar av skattemeldingskampanjen i Skatt nord.

I Skatt Midt-Norge er rettleiarar innom vaksenopplæringa i fleire kommunar, flyktningetenesta, NAV-integrering og NTNU.

Så langt i år er 19 asylmottak i Agder, Telemark, Vestfold og Buskerud med til saman over 1000 asylsøkarar besøkt, og fleire står for tur.

 

Vi må ikkje gløyme det viktigaste
Det er naturlegvis ekstra trøkk i publikumsmottaket, og særleg mot slutten av perioden.

– Førstelinje gjer ein formidabel jobb. Og ikkje minst har dei eit viktig arbeid med å profilere dei digitale tenestene. Alle som jobbar i Skatteetaten må vere gode digitale ambassadørar. Sørg for at du veit nok om skattemeldinga til at du kan hjelpe naboar, venner og familie, oppfordrar Hildegunn Abbedissen, ansvarleg for skattemeldingsperioden i Skatt vest.

 

Facebook live
I år vil vi også prøve Facebook live for første gong: