Hjelper over 1000 utanlandske arbeidstakarar på video

Eit av tiltaka Skatteetaten har for å hjelpe dei utanlandske skattytarane i sjølvmeldingsperioden er informasjonsmøte overført på video til heile landet.

Av Marianne Feste

I år deltok 17 skattekontor, og den 12. april fekk rundt 350 polske arbeidstakarar vite meir om skattesystemet i Noreg, sjølvmeldinga og dei elektroniske tenestene. På taxnorway.no finn du ei god sjekkliste.

– Det var godt å endeleg komme i gang etter å ha jobba med dette i lang tid. Målet vårt i år er å lære utanlandske skattytarar å bli meir sjølvhjelpne og flinkare til bruke dei elektroniske tenestene, seier dei tre foredragshaldarane frå Servicesenter for utenlandske arbeidstakere i Stavanger, som informerer på polsk, rumensk, russisk og litauisk.

Nyttig og viktig informasjon
Sist veke fekk polakkar og rumenarar i 15 byar vite meir om sjølvmeldinga, mellom anna i Skien, Drammen, Bergen og Ålesund. Veka før vart det heile sparka i gang med generalprøve som var eit fysisk møte på Bryne for litauarar.

I Tromsø og Bodø var det bra oppmøte på informasjonsmøte på polsk.

– Dette var veldig god informasjon. Eg har vore litt usikker på kva frådrag eg har krav på, men det fekk eg god innsikt i no. Det er eit generøst tilbod av det offentlege med slik service, meiner Marek Kadziela, som har erfart at det lønnar seg å sjekke opplysningane.

– Eg sjekka tala og kontrollerte at arbeidsgivar har trekt rett skatt og innrapportert lønna korrekt. Då oppdaga eg at min tidligare arbeidsgivar hadde innrapportert lønna mi på sonen min i staden for meg.

SKRYT AV SKATTEETATEN: Marek Kadziela kom til Noreg for 25 år sidan, det var kjærleik ved første blikk. No bur og jobbar polakken i Tromsø. Han ønsker å forstå si eiga sjølvmelding og skryt av Skatteetaten som tilbyr han informasjon på morsmålet. (Foto: Sara Katrine Olsen)

SKRYT AV SKATTEETATEN: Marek Kadziela kom til Noreg for 25 år sidan, det var kjærleik ved første blikk. No bur og jobbar polakken i Tromsø. Han ønsker å forstå si eiga sjølvmelding og skryt av Skatteetaten som tilbyr han informasjon på morsmålet. (Foto: Sara Katrine Olsen)

Spørsmål om formue og renter
Szymon Witold Kaczmartek er frå Polen, men bur no i Trondheim. Han skal i år, for første gong, levere sjølvmeldinga utan hjelp frå andre.

– Skattereglane i Noreg er kompliserte, så det er svært nyttig å få informasjonen på polsk. Eg har sjekka sjølvmeldinga mi, og det ser ut som eg får igjen på skatten, seier Kaczmartek.

DELTAKARAR I HEILE LANDET: Szymon Witold Kaczmartek kom til Noreg i 2011 og jobbar innan reiseliv. I bakgrunnen, deltakarar på videomøte andre stader i landet. (Foto: Kristin Rabben)

DELTAKARAR I HEILE LANDET: Szymon Witold Kaczmartek kom til Noreg i 2011 og jobbar innan reiseliv. I bakgrunnen, deltakarar på videomøte andre stader i landet. (Foto: Kristin Rabben)

– Det er tydeleg at mange av dei som har vore i Noreg lenge, no har ein god del kunnskap om skattesystemet og sjølvmeldinga, fortel Marianne Løsset, rettleiing i Skatt øst. Tidlegare fekk vi gjerne typiske nybegynnarspørsmål, om standardfrådrag og korleis ein kan finne sjølvmeldinga. Men i år fekk vi mange spørsmål om for eksempel formue og renter frå utlandet og pendlarutgifter.

Populære, landsdekkande tiltak
For sjuande året på rad har Skatt Midt-Norge arrangert skatteseminar på NTNU for utanlandske studentar og professorar. Dei tilbyr også individuell hjelp og tiltaket er svært populært. I løpet av sjølvmeldingsperioden er også Skatt vest på Universitetet i Bergen og NHH, og Skatt nord har vore på Norges Arktiske Universitet i Tromsø og på Campus i Narvik. I tillegg inviterer Skatt nord utanlandske arbeidstakarar til skattekontoret i Tromsø denne veka for informasjon om sjekk, utfylling og levering av sjølvmeldinga.

Den første videokonferansen mellom regionane vart overført frå Skatt vest i 2014, etter eit initiativ som starta med eit informasjonsmøte retta mot polske arbeidstakarar i Stavanger fire år tidlegare.

– Det er utruleg kjekt at tiltaket er så populært. Det er svært viktig at utanlandske arbeidstakarar får rett og god informasjon, og her når vi mange samtidig. Vi har opparbeidd oss spisskompetanse på dette, og vi har svært dyktige medarbeidarar som har mykje av æra for suksessen, seier Hildegunn Abbedissen, underdirektør på Rettleiing i Skatt vest.