Tag : robot

Roboten og skattemeldingane

Den siste tida har Skatteetaten hatt ein heilt spesiell medarbeidar i sving med å behandle skattemeldingar.

Det starta på ei leiarsamling i Skatt vest i januar 2017, der var det eit innlegg om automatisering og ein robot for å behandle fakturaer. Etter samlinga tok leiinga tok initiativ til å finne ut om dette var noko ein kunne prøve ut i regionen.
– Skatteetaten har tre robotlisensar, og det viste seg at den eine var ledig, seier Espen Kristiansen, seksjonssjef i Sentralskattekontoret for utanlandssaker i Skatt vest (SFU) og deltakar i prosjektet.
– Så i mars var vi i gang med forprosjektet.

Robot og menneske tar hverandre i hånden
Verdt å teste
Kvart år leiger SFU nemleg inn sommarvikarar til å registrere skattemeldingane som kjem inn på papir.
– Vi gjorde ganske omfattande utrekningar, og kom fram til at det var verdt å teste om vi kunne spare tid og pengar ved å få ein robot til å gjere denne oppgåva, seier Kristiansen.

Når Kristiansen seier robot, meiner han ikkje ein fysisk robot, men ein såkalla digital assistent.
– Roboten er eit eige dataprogram som legg seg over alle programma våre og jobbar som ein brukar. Den slår opp i produksjonssystemet vårt, bytar vindauge og så vidare, akkurat som saksbehandlarane gjer. Og slik som saksbehandlarane, er også roboten avhengig av ventetider og eventuelt «heng» i systemet. Men operasjonane skjer raskt, og den kan jobbe heile døgnet.

Digitalisering og tolking
Prosjektet har brukt mykje tid på å undersøkje det tekniske, mellom anna korleis ein kunne kombinere roboten med programma til Skatteetaten. Eksterne konsulentar har stått for sjølve programmeringa.
– Det er i utgangspunktet to oppgåver roboten må gjere. Det eine er å digitalisere innhaldet i papirskattemeldingane. Det andre er å tolke innhaldet og leggje det inn på rett plass, forklarar Kristiansen.

Ein del utfordringar måtte taklast undervegs.
– Mellom anna kunne vi ikkje utvikle roboten rett i produksjonen, med tanke på sikkerheita. Vi måtte også sikre at vi hadde kontroll på sensitive opplysingar og ikkje braut teieplikta på nokon måte.

Den store testen
Utfordringane blei løyste i løpet av sommaren i år, og i august var det klart for den store testen.
– Vi starta ein torsdag kveld. Det viste seg raskt at digitaliseringsprogramvara ikkje var heilt som lova. I oppgåva med å digitalisere skattemeldinga fekk vi meldingar om å gjere ein manuell kontroll av kvar einaste skattemelding, og det sparar jo ikkje oss for noko tid, fortel Kristiansen.
– Måndagen etter hadde vi mykje digitaliserte data som vi kunne jobbe vidare med for å teste den andre oppgåva som sjølve roboten skulle gjere. Vi gikk i gang med testprosedyrene og konsulentane gjorde ein del forbetringar. Onsdagen fungerte det og roboten løyste oppgåvene 100 prosent korrekt.

Er ikkje modent
I samband med testinga har prosjektet brukt stoppeklokke og sjekka kor lang tid det tok å digitalisere papiroppgåvene samanlikna med tida ein saksbehandlar brukar. Og med tanke på akkurat denne oppgåva, konkluderte dei med at det på dette tidspunktet ikkje løner seg å automatisere.
– Det er komplekst å digitalisere data fra papir, og programvara for digitalisering er ikkje moden nok. I tillegg er ikkje skattemeldinga vår godt nok eigna for optisk lesing slik som den er no. Men utviklinga på automatiseringsfeltet er stor, så her kan ting fort endre seg, seier Kristiansen.

Testar vidare
Forsøket har uansett gitt verdifulle erfaringar, og prosjektet held fram. Dei testar no automatisering av to nye arbeidsprosessar.
– Det er heilt sikkert fleire prosessar som kan løysast med automatisering. Så lenge oppgåva er regelstyrt og ikkje er avhengig av skjønn, er det moglegheiter for at den kan løysast av robotar, avsluttar Kristiansen.