Vert vi som skattebetalarar påvirka av «dulting»?

Av Marta Johanne Gjengedal og Paul Gunnar Larssen, opprinnelig publisert i Skatteetatens Analysenytt.

Våren 2013 gjennomførte Skatteetaten, i samarbeid med Norges Handelshøyskole (NHH), eit felteksperiment som såg på korleis teksten i ulike brev påvirkar skattytarar, hvor Skatteetaten har mottatt informasjon om at de har inntekter frå utlandet, til å gje opp utanlands inntektene i sine sjølvmeldingar. Vi fann at skattytarane let seg påverke. Å få brev frå oss førte til at 150 millionar kroner i inntekter og formuer blei rapportert inn. Moralske brev førte til at skattytarane oppga større summar enn ved generelle informasjonsbrev. Nye analysar skal gi enda fleire svar, mellom anna om langtidseffektar.

Vedlegg til brev.

Vedlegg til brev.

Skatteetaten ynskjer å jobbe effektivt og målretta. Vi ynskjer å bruke dei virkemiddel som fører til at skattytar sjølv etterlever reglane og betalar sin skatt til rett tid og på rett måte. Dulting, eller nudging på engelsk, handlar om korleis ein kan dulte borgarar i riktig retning i staden for  å nytte sterkare verkemiddel som kontroll og andre sanksjonar. Omgrepet har vore mykje omtala etter at Richard H. Thaler og Cass R. Sunstein ga ut si bok Nudge i 2008.  Vi ville med eit eksperiment sjå på om slik dulting, i form av eit brev, kunne stimulere personar til å rapportere inntekt og formue i utlandet korrekt og fullstendig i den norske sjølvmeldinga.

Breva har effekt
Rundt 18 000 individ fekk tilsendt brev om rapportering av inntekt og formue i utlandet. Mottakarane av breva var  skattytarar der automatiske kontrolloppgåver utland (AKU), som gir Skatteetaten informasjon om norske personer sine utenlandske inntekter og formuer, kunne tyde på manglande rapportering av inntekter i inntektsåret 2011. Mottakarane blei tilfeldig inndelt i grupper som mottok brev med litt ulikt innhald, samt ei kontrollgruppe som ikkje fikk brev. Dei som ikkje fikk brev har ikkje fått mindre informasjon enn dei ellers ville gjort og har sjølve ei plikt til å rapportere. Deira likning vert handsama på samme måte som dei som har fått ekstra informasjon.

Breva la vekt på ulike motiv for å rapportere og betale skatt. Funna viser at det å motta eit brev hadde effekt på kor mange som rapporterte og kor mykje desse rapporterte. Eit brev som spelte på risikoen for å bli oppdaga, var det som i størst grad påvirka kor mange som rapporterte utenlandske inntekter. Brev som appellerte til mottakaren sin moralske motivasjon, hadde ein stor effekt på kor mykje som vart rapportert.

Gjennom samarbeidet med NHH har vi fått høve til å dokumentere kunnskap om korleis skattytarane si åtferd vert påvirka av måten vi som etat kommuniserer med den enkelte, og korleis skattytarane si åtferd vert styrt av moralske insitament. Vi har også fått dokumentert kunnskap om skattytarar med inntekter og formue i utlandet, kombinert med kontrolloppgåver frå utanlandske styresmakter (AKU) og korleis denne ordninga fungerar.

Vi testa åtte ulike brev
På omlag 21 000 skattytarar har Skatteetaten motteke AKU-oppgåver som kunne indikere at dei hadde uoppgitte inntekter på mellom 2000 og 200 000 kroner. Dersom den uoppgitte inntekta var over 200 000 vart skattytar følgt opp med ein gong, og vart ikkje med i felteksperimentet. I utplukket kan det sjå ut til at 17 prosent av skattytarane kan ha uoppgitte lønsinntekter, 29 prosent kan ha uoppgitte  finansinntekter, og 58 prosent kan ha uoppgitte pensjonsinntekter.  Når vi skriv «kan ha» er det fordi ikkje alle utanlandske inntekter er spesifisert i eigne postar i sjølvmeldinga, og fordi skattytar kan ha oppgitt beløpa i andre postar eller i vedlegg.

Vi sendte cirka 18 000 brev til åtte grupper. Det var også ei kontrollgruppe som ikkje fekk brev. Vi sikra eit representativt utvalg ved å trekke tilfeldig ut kven  som fekk det enkelte av dei åtte breva, og kven som inngikk i kontrollgruppa.  Dei åtte breva hadde ulikt innhald der vi fokuserte på oppdagelsesrisiko, moralske argument og betre informasjon. Det vart sendt ut eit standardbrev som danna mal for dei andre breva, og ei av gruppene fekk dette standardbrevet.
Standardbrevet hadde tre avsnitt:

  1. Eit generelt avsnitt: Norsk økonomi blir stadig meir internasjonalisert, og ein aukande del av norske skattytarar  mottar inntekt frå utlandet og har formue plassert i utlandet. Dette brevet får du fordi Skatteetaten ønskjer å informere om skattlegging av denne typen inntekt og korleis den skal rapporterast.
  2. Eit kort avsnitt om reglane som gjeld for skattlegging, og eit kontakttelefonnummer.
  3. Eit kort avsnitt om rapporteringsplikta, med weblink til rettleiinga for sjølvmeldinga.

To av breva hadde i tillegg generell informasjon:

  • Personleg informasjonsbrev: Har du inntekt eller formue i eit anna nordisk land, finn du nyttig informasjon om skattespørsmål på www.nordisketax.net.
  • Upersonleg informasjonsbrev: Dette brevet sendes ut fordi (…), Dersom ein er skattemessig busett i Norge skal det betalast skatt (…).

Det var to ulike brevtekstar som spelte på skattemoral. Desse vart sendt ut i to versjonar, ein versjon med eit vedlegg som sa «Din skatt finansierer viktige samfunnstjenester» illustrert med bilete, og ein versjon utan.

  1. Det store fleirtalet rapporterer korrekt og fullstendig inntekt og formue i Norge.  For å få ei rettferdig handsaming av alle skattebetalarar, er det derfor viktig at inntekt og formue i utlandet vert rapportert på same måte.
  2. Di skattebetaling gjev grunnlaget for offentleg finansierte tjenester innan skule, helse og andre viktige samfunnsområder.

Eit brev var meint å auke opplevd sannsynligheit for å bli avslørt for unndragelse:

  • Skatteetaten har mottatt informasjon om at du tidlegare år har hatt inntekt og/eller formue i utlandet.

Ordleggjing betyr mykje
Vi ser i figur 1 at det er tydelege effektar på rapportering når skattytarane får eit brev frå Skatteetaten. Samanliknar vi med gruppa som ikkje fekk brev, ser vi at vi ved å sende ut brev i forkant av innleveringa av sjølvmeldinga kan vi få auka innrapporteringa på inntekter frå utlandet. Det viser  at vi med små grep kan oppnå ganske mykje.

Brevet som viser til at vi har informasjon om den enkelte sine inntekter, har størst verknad på talet skattytarar som melder frå om inntekter. Når det gjeld kva som har effekt på rapportert beløp, så har brev som appelerer til moral og personlege informasjonsbrev like stor effekt. Dei som fikk upersonlege informasjonsbrev og standardbrev rapporterte i gjennomsnitt lågare beløp.

Figur 1 - Andel skattytarar som melde inntekter eller formue fordelt på dei ulike breva

Figur 1 – Andel skattytarar som melde inntekter eller formue fordelt på dei ulike breva

 

Breva førte til 64 millioner kroner i auka rapporterte pensjonar
Om lag 16 000 av dei 18 000 breva gjekk til skattytarar med pensjonsinntekter frå utlandet. Breva hadde ein gjennomsnittseffekt med omtrent 4 000 kroner, og totalt 64 millioner kroner i auka rapporterte inntekter. Ei auke som vi får kun ved å sende ut eit brev i forkant av innsendingsfristen for sjølvmeldinga. Og når ein fyrst har rapportert pensjon for eit år, er det truleg at dette vil få effekt også for seinare år.

Nye analyser skal gi flere svar
I 2014, for likninga av inntektsåret 2013, jobbar vi vidare med å sjå på effektane av dei breva som vart sendt ut. Vi ser mellom anna på om dei har effekt over tid, slik at skattytarane melder inn pensjonar også for 2013.

Det er også utarbeidd analyser for å finne kjenneteikn ved skattytarane Skatteetaten får AKU-oppgåver på, og kven som utbetalar inntektane. Desse evalueringane og analysene ligg til grunn for prioritering av kva oppgåver som skal følgjast opp, og kva tiltak som er mest aktuelle.

Analysearbeidet kan mellom anna hjelpe oss med eller svare på følgjande spørsmål:

  • Kan vi ha målretta tiltak retta mot store utbetalarar eller spesifikke yrkesgrupper?
  • Oppgåver frå enkelte land har større skattemessig verdi enn andre på grunn av skatteavtalen vi har med dette landet. Kan vi prioritere ned oppgåver på bakgrunn av dette?
  • Kven har behovsprøvde ytelsar i Noreg som kan bli påverka av inntekter frå utlandet?
  • Renteinntekter og utbytte frå utlandet kan også være indikasjonar på større uoppgitte formuar. I kva grad kan vi avdekke desse ved å følgje opp AKU-oppgåvene?
  • Med omsyn til pensjonistar er det viktig å fange opp nye pensjonistar for å rettleie dei til å rapportere pensjonen riktig  frå byrjinga.